Driftsmeldingar

 

Tirsdag 16.02.2021:

Utfordringar med frosne vannrør:

Mange av våre kundar har problem med at vassleidningane har frose, og vatnet er borte. Det er ikkje kvart år vi får slike utfordringar i Austevoll, men i år har det vore spesielt mykje kulde.

Vi ber alle kontrollere vassinntaka sine, spesielt gjeld dette for hytter, rorbuer, naust og løer som ikkje har dagleg tilsyn. Meld frå til AVA om du har mistanke om lekkasje eller oppdagar lekkasjar. Dette er nyttig informasjon i vårt arbeid med å levere godt og nok vatn til deg som kunde.

Kundane opplever ulike situasjonar:

•    Ved begynnande frost, dannar det seg is i leidningane. Når du brukar vatn, flyttar denne isen seg i slangen. Isen skrubbar då innsida av slangen, som over mange år har fått eit grodd belegg. Belegget løsnar og kjem til huset i lag med vatnet. Ein merkar dette ved at trykket vert lågare, og det kjem mykje brunt vatn i kranen. Dersom du opplever dette, kan du spyle ut stikkleidningen til vatnet er reint.

•    Når vatnet har frose heilt, får du ikkje vatn i huset. Då må isen tinast, og dette er som regel arbeid for ein røyrleggar. AVA har eit generelt pålegg til alle som opplever dette, at dei må få røyrleggar til å montere varmekabel i inntaksleidningen. Neste gong det er frost, kan du då tine sjølv, ved å setje på kabelen.

•    Alternativet er å vente til isen tiner av seg sjølv, men dette kan ta lang tid.

•    AVA aksepterer ikkje frost-tapping. Frost tapping er at du set open ein ventil, og let vatnet renne kontinuerleg for å unngå at det frys. Dersom mange gjer dette, er det enormt mykje vatn som går til spille, og i verste fall kan høgdebassenga gå tomme, og alle kundane miste vatnet.

•    Dersom vatnet har frose, kan isen ha sprengt rør og ventilar. Når isen tinar, vil vatnet renne fritt ut av dei øydelagde delane. Dette kan føre til store skader på byggverk dersom skaden er innomhus. Dersom skaden er ute, vil likevel vatnet strøyme fritt, og vere ein lekkasje fram til punktet vert lokalisert og reparert. AVA ser for tida at det er svert stort vassforbruk. Nokre stader ser me at vassmålarane gjer store hopp i målt verdi. Dette er typisk når vassleidningar får lekkasjar.