Tilknyting

TILKNYTING TIL AUSTEVOLL VATN OG AVLØP SA SITT LEIDNINGSANLEGG.

Dersom du ynskjer tilknyting til våre anlegg skal ansvarleg rørleggjar søkje om løyve til tilknyting. Vi har skjema for søknad om tilknyting til vassleidning og avløpsleidning. Skjemaene skal bl.a. innehalda gards- og bruksnummer for eigedommen samt signatur for ansvarsett. Det skal vera innhenta løyve til å gå over anna gards- og bruksnummer, kryssing av veg og rett til tilknyting til privat fellesanlegg dersom dette er nødvendig for søknaden.Her finn de grunneigarfråsegn.

Når søknaden er godkjent vert det sendt ut bekreftelse for tilknyting samt opplysning om tilknytingssgebyr. Ta kontakt med oss i god tid, helst 2 veker før. Vi skriv då ut faktura og sjekkar at faktura er betalt før tilknyting vert gjennomført. Austevoll Vatn og Avløp SA skal utføra tilknytinga. Tariff for tilknyting vert rekna etter tilknytingstidspunktet.

Vi gjer Dykk merksam på at godkjent rørleggar må legge stikkleidning frå hovudleidning til eigedommen for Dykkar rekning. Anboringsklammer er inklusiv i tilknyting frå oss.

Når tilknytinga er gjennomført vert eigedommen lagt inn i avgiftsregisteret med årsavgift for vatn frå tilknytingstidspunktet pga. at det normalt er behov for vatn i byggeperioden.

Eventuell årsavgift for avløp vert lagt inn med dato ½ år etter, då vi reknar det som "normal" byggetid. Dersom avløpet vert teken i bruk før/ seinare enn dette, ver vennleg å gje oss melding om det.

I samband med søknad om frådeling av parsell til Austevoll Kommune, så krev dei i enkelte saker ei førehandsløyve for godkjenning av tilkopling til vatn og avløp. Dette vert kun ei godkjenning til at dei kan knyte seg til i framtida. Her finn de grunneigarfråsegn dersom det er nødvendig i søknaden.

Når tilknyting skal gjennomførast, så skal vanleg rutine følgast med søknad frå ansvarleg rørleggjar.

Prisar for tilknytning og abonnement finn de her: Prisar