Fra venstre, Åge Drønen, Helge Heimark, Torleif Ole Samland, Mikal Drivenes og Odd Brekke.

Om oss

Selskapet Austevoll Vatn og Avløp SA (AVA)vart stifta 01.01.03 då vi overtok alle "offentlege" vatn og avløpsanlegg frå Austevoll Kommune. Det var den gong 5 separate vassverk. AVA starta eit intensivert arbeid med utbygging av behandlingsanlegg, og overføringsleidningar mellom dei ulike øyene i kommunen. Det sentrale vassbehandlingsanlegget vart sett i drift i 2005. I åra som fylgde, har me lagt ned dei andre vassverka etter kvart som dei vart kopla på hovudvassverket vi no kallar Austevoll vassverk. Siste etappe på dette arbeidet er no i sluttfasen, ved at vi legg overføringsleidning mellom Hundvåkøy og Storekalsøy.

I tillegg har me etablert overføringsleidningar og overteke ansvar for private vassverk, slik som Kvalvåg, Rostøy, Heimark og Drøna.

Me arbeider for tida med vassforsyning til dei ytre øyane: Hevrøy, Litlekalsøy og Møgster, og reknar med at me har vatn til desse øyane i løpet av 2017. AVA forsyner no mesteparten av innbygjarane i kommunen med vatn. Områder som står att er i hovudsak søre del av Selbjørn, Husavik-Bratto – Otterå og Sandtorv.

På Behandlingsanlegget er me i 2016 i gang med ei oppgradering, der me monterer eit ekstra rensetrinn i form av membranfilterering. Her invisterer vi ca. 11 mill for å få ein endå betre vasskvalitet til kundane våre.

Me har også ansvar for Hovudavløpsanlegg i tettbygde strøk. Her er det ulike typar anlegg frå reine overføring-/ utsleppsleidningar der kundane har eigne slamavskiljarar som AVA betalar for tømming, til fullverdige anlegg der AVA har silanlegg eller store felles slamavskiljarar.

Separate avløpsanlegg og private felles avløpsanlegg er det Austevoll Kommune som har saksbehandling og oversikt over.